Forough Farrokhzad – Ein annan fødsel

Ein annan fødsel

Livet mitt er ein mørk song
som igjen og igjen vil ta deg med
til morgonen.
Eg har løyst deg ut med denne songen.
Eg har poda deg
til tre og vatn og eld.

Kanskje livet er ei lang gate
der ei kvinne kvar dag går med korga si.
Kanskje livet er eit tau
der ein mann hengjer seg i eit tre.
Kanskje livet er eit barn på veg heim frå skulen.

Kanskje livet er å tenna ein sigarett
i det avslappa intervallet mellom to famntak,
eller den distré vandringa til ein forbipasserande
som lettar på hatten,
og seier «god morgen» til ein annan forbipasserande
med ein tankelaus smil.

Kanskje livet er den augneblinken
når blikket mitt druknar seg i dine pupillar,
i dette ligg ei kjensle
som er i slekt med det å sjå på månen
og oppdaga mørkret.

I eit rom like stort som ei einsemd,
ser hjarta mitt, like stort som ein kjærleik,
på dei enkle grunnane til si lukke,
på det vakre som falmar i vasen,
og det unge treet du planta i hagen utanfor huset vårt,
på kanarifuglen som syng
ein song like stor som eit vindauge.

A, dette er min del,
dette er min del.
Min del
er ein himmel som ei opphengt gardin stel frå meg.
Min del er å gå ned ei gløymd trapp,
og nå fram til det som er rotna og bortkome.
Min del er ei sørgmodig vandring i hagen av minne,
og til sist å gje sjela mi over til saknet av
ei stemme som seier til meg:
«Eg elskar
hendene dine»

Eg plantar hendene mine i hagen.
Eg kjem til å spira, eg veit det, eg veit det, eg veit det
og i gropene mellom dei blekkflekka fingrane mine
vil svalene leggja egg.

I øyro mine hengjer eg øyreringar
av tvillingkirsebær,
og limer geraniumblad på neglene.
Det finst ei gate
der gutane som elska meg ein gong
framleis, med det same rufsete håret,
dei same spinkle nakkane, og med hengslete bein
tenkjer på det uskuldige smiler til ei jente
vinden bar med seg ei natt.

Det finst ei gate som hjarta mitt
har stole frå barndomen min.

Det finst ein kropp som reiser på kanten av tida.
Ein kropp gjer denne golde tida svanger.
Ein kropp tek vare på lysande bilete
som vender attende frå festen i speglen.

Og slik
døyr nokon,
og nokon vert verande.

Ingen fiskar kan fanga ei perle
i bekken som endar
i ei grøft.

Eg kjenner
ein trist liten alv
som held til i havet,
og spelar på hjarta som ei trefløyte,
mjukt, mjukt.
Ein trist liten alv
som døyr av ein einaste kyss om natta,
og blir fødd av ein einaste kyss ved daggry.

Norsk utgave © J.W. Cappelens Forlag a-s 2002
Gjendikta av Odveig Klyve
i samarbeid med Ardashir Esfandiari